Gjennomført årsmøte
Årsmøte for Reinheimen-Breheimen Villreinutval vart halde på Dombås Hotel, laurdag 26. april. 26 deltakarar møtte fordelt på 10 stk. frå nemnd og 15 frå utvalet. I tillegg møtte nasjonalparkforvaltar for Reinheimen. 71 av 102 årsmøtestemmer var representert i møtet. Per Jordhøy deltok med fagtema «Villreinen - ei overlevingsmaskin». Meget interessant og aktuell tematikk. Tusen takk til Per for bidraget!