Om villreinområdet

Reinheimen-Breheimen villreinområde

Villreinområdet, som er på ca. 4500 kvadratkilometer, er det tredje største i Norge. I praksis er det delt i to; eitt nord- og eitt sørområde. Nordområdet ligg i Reinheimen og sørområdet i Breheimen og på Strynefjellet.

Administrativt blir det forvalta som ei eining. Området er blant dei få villreinområda som har att tilnærma intakt mangfald av naturtyper og med en variert topografi, med gode beitedaler til snø-og isbrear. Det meste av området har små inngrep og lite forstyrringar, og delen av urørt areal er berekna til om lag 47 %. Reinen får difor dekt sine behov i tilstrekkeleg omfang fra vest til aust.

Det har vore tamreindrift innan villreinområdet i fleire periodar. Den siste tamreindrifta vart avslutta i 1964, og 1967 var det fyrste året med jakt i nyare tid. Nordområdet blir avgrensa i nord av Rauma og Lesjadalføret austover til Dovre, i aust Jønndalen og sørover til Vågå. Ottadalen dannar grensa i sør og vidare kystfjella i vest. Sørområdet er avgrensa av Ottadalføret i nord, frå Lomseggen i aust, og vidare vestover på de høgaste fjellryggene mellom Skjåk og Bøverdalen attende til kystfjella i vest.