Minimumstelling 2024

Kvart år blir det utført ei minimumstelling for heile villreinstamma i Reinheimen-Breheimen. Dette er eit svært viktig forvaltningsverktøy for å kartlegge stamma og planlegge jaktkvoter. Tellinga i vårt område blir gjort med helikopter for å lokalisere dyra. Vidare blir flokkane rekna ut i frå bilete av bruk av digitalt telleverktøy.

Utvalet utførde telling 9.februar i år.

Resultatet vart fylgjande:

Reinheimen: 1856 dyr.

Breheimen søraust: 511 dyr.

Breheimen sørvest: 295 dyr.

Tellinga viste elles til stor områdebruk i Reinheimen og Breheimen sørvest.


Neste
Neste

Jaktrapport 2023