14. september

  • Siste jaktdag er sundag 17.september.

  • Bukkane er som smått igang med brunsten, sjå litt ekstra nøye på kva dyr som skal fellast.

  • Vis omsyn til andre jegerar og rein, og HUGS: reinen både ser, høyrer og luktar godt. Bruk terrenget og smyg innpå med vind imot deg.

  • Slakting og slakteplass - vi har fått fleire attendemeldingar om dårleg handtering av felt villrein, seinast idag frå Sotfly. Dvs. at mykje fullt brukbart kjøtt blir liggjande att i fjellet. Det er IKKJE greitt å ta med berre lår å bøg, for så å la resten ligge att.

Reinheimen: mykje dyr nord og sør for Nysetra i Lordalen.

Breheimen sør-aust: Råkåkampen/Skåpet.

Breheimen sør-vest: Ingen observasjon gjort av oppsyn her idag.

Forrige
Forrige

15.september

Neste
Neste

13.september