Jaktinfo 21.august

Andre jaktdag er over. Gledeleg er det at oppsynkorpset får melding frå fyrstegongsjeger som får felt sin fyrste rein med ein fin jaktsituasjon! Gledeleg er det også å sjå at mange jegerar er flinke til å vise omsyn til kvarandre! Meir urovekkande er det at oppynskorpset har registrert eit tosifra antal bom- og skadeskytingar etter 2 jaktdagar. Fleire av desse er det heller ikkje varsla frå om. Stress, dårlege situasjonar og lange hald er gjengangaren som årsak. Kulebanekompensator, kikkertsikte og rifle av øvste hylle gjer ikkje jegeren “uovervinneleg”. Dei viktigaste faktorane for å lykkast ligg hjå jegeren sine avgjeringar og ferdigheiter. Dernest kjem faktorar vi ikkje rår med som vind, bevegelse til dyret etc. Desto lengre hald - desto meir utslag.

Det er fleire grep ein kan gjere for å forebygge dette, som vi også har gjeve råd om på nettsida her ved fleire høve tidlegare. Uansett - du gjer berre vel med å varsle ved slike situasjonar, og det er ei plikt. Desto fleire saker får oppsynskorpset lukka og sett på ressursar for å unngå lidingar for dyra. Hugs at eit varsel om bom og skadeskyting ikkje får sanksjon!

Observasjonar gjort i dag:

Reinheimen: Mykje dyr fordelt på fleire flokkar nordvest på Lesja og vest i Skjåk.

Breheimen søraust: 2-3 flokkar med fostringsdyr i området Buanose - Sotflye. I går var det også 60 bukkar på Storberka.

Breheimen sørvest: Fleire flokkar i området Huguvarden - Mårådalen.

Forrige
Forrige

Jaktinfo 22.august

Neste
Neste

Jaktinformasjon 20.august (Copy)