Jaktinfo 3.september
Hugs på; Det viktigaste du kan gjere for å unngå skadeskyting og bom:
Hald deg til 100 meter skyteavstand. Stress ned. Skyt berre på dyr i ro og med rett vinkel (breiside).
Observasjonar gjort av oppsynskorpset i dag:
Reinheimen: 2-300 dyr for Lordalen mot Tverrfjellet. Min. 900 dyr nord for Finndalen.
Breheimen sør-aust: Ingen observasjonar, men Grjotåkampane mot Salhus og indre delar av Grjotådalen mot Gjelåflaten kan vere gode utgangspunkt for morgondagen.
Breheimen sør-vest: Ingen observasjonar i dag.
Skjåk nordvest: Dyr mellom Kjerringtjønnen og Vulu.