Jaktinformasjon 13.september

Haustens siste jaktinformasjon sidan vi i morgon er til endes med villreinjakta 2025.

Oppsynskorpset og villreinutvalet takkar for i haust og mange trivelege møte med jegerar. Særleg med fyrstegongsjegere og yngre rekruttar som får si fyrste erfaring med storviltjakt. Jakta har til tider bydd på utfordringar. Særleg i Reinheimen med dyr på mindre tilgjengeleg område. Likevel erfarer vi i haust at fleire legg ned utruleg med innsats, mil i terrenget og høgdemeter for å få felt dyret sitt. Det er veldig bra!

Tida etter i morgon blir brukt til evaluering og oppsummering. Som før blir det utarbeidd ein heilskapleg jaktrapport etter kvart. Vi tek med oss alt som er positivt etter jakta, men for oppsynskorpset og forvaltninga er det ein urovekkande tendens med bom- og skadeskyting. Dette er ikkje unikt for denne hausten, men utviklar seg i ei retning ein ikkje ynskjer. Villreinutvalet tek dette alvorleg, og må vurdere alle moglege tiltak fram til neste års jakt. Til syvende sist er det likevel kvar enkelt jeger som er ansvarleg. Invester i avstandsmålar framover termisk kikkert, meir treningsskot og nok tid til å jakte. Oppsyn kjem til å vere tettare på flokkane i morgon for å sjå etter eventuelle skadde dyr. Dersom skot blir løyst i morgon utan at det ligg att dyr, må det som elles varslast til oppsynsleiar på tlf. 45 89 99 10.

Ovservasjonar etter dagens jakt:

Reinheimen: Minimum 200 dyr nord for Lordalen mot Tverrfjellet. Fleire flokkar austover frå Råkåvatnet.

Breheimen søraust: Mykje dyr samla i Tundradalen/Sottjønnen.

Breheimen sørvest: Nokre enkeltdyr og liten flokk austover frå Sandåa. Hovudmassa av dyr står innanfor Raudalsvatnet i området Tverrbytten.

Vi ynskjer med dette alle ein god siste jaktdag!

Hugs å lever jaktkort og kjeve til kortutsteder, samt rapportere i sett og skutt! :)

Neste
Neste

Jaktinformasjon 12.september