Jaktinformasjon 19. august 2026
Startskotet for villreinjakta 2026 er like rundt hjørnet. Villreinutvalet håpar naturlegvis på at vi 14.september sit att med inntrykk av ei fin jaktperiode for alle partar. Oppsynskorpset ser fram til god dialog med jegerar i felten.
Vi minner om å:
Lese jegerkontrakta og infofolderen godt før jakt.
Utøv god jaktmoral for deg sjølv, viltet, andre jegerar og fjellfolk. Ikkje bruk halvsjansar. På få sekund kan betre sjansar forekome. Tøy ikkje avstandsgrensa (100 meter) og ikkje undervurder effekten av vindpådriv eller fart på dyret. Finn deg ei god skytestilling og ro ned. Jakt med prinsipp om at du skal felle eit dyr utan at det har merka deg! Og for all del – legg att individualisme og egoisme heime.
Ha med nødvendig dokumentasjon ut på jakt; jaktkort, våpenkort, legitimasjon og gyldig jegeravgift. Digitalt våpenkort er godkjent, eventuelt skjermdump av digitalt våpenkort. Kryss av for delbar versjon klar for scanning.
Felling av liten kalv (14 kg eller mindre); ordninga med kjøp av liten kalv er vidareført som før. Du treng ikkje skjære kortet i slike tilfelle, men det må klarerast med oppsyn før ny jakt kan starte.
Felling av skadde/sjuke dyr dyr er omtala i jegerkontrakta.
Ta med alt nyttbart kjøt heim! Dårleg behandling av vilt er særs øydeleggande for renomeet til jegerstanden og moralsk dårleg. Slakteavfall og eventuelt forureina kjøt skal røysast ned eller dekkast til med skinn og stein. Dette er også eit nyttig tiltak for å ikkje gjeve predatorar tilgang til åtsel. Slakteplassar og kvileplassar skal ryddast for søppel. Dette skal også vere med ned att og ikkje gøymd i ei steinur.
Grenser og jaktbart område finn ein omtala i jegerkontrakta og på heimesida til utvalet: Kart — Reinheimen-Breheimen villreinutval
Observasjonar/områdebruk den siste tida:
Reinheimen - Både langt aust og vest på Skjåkgrunn. Nyleg observert dyr nord for Finndalen.
Breheimen søraust - Mellom Tundradalen og Bråtådalføret/Sota er gode utgangspunkt.
Breheimen sørvest - Ingen ferkse observasjonar.
Villreinutvalet og oppsynskorpset ynskjer alle ei godt jakt! Hugs at oppsynskorpset er i felten like mykje for å bistå jegerane som å observere jaktutøving og viltet. Ikkje nøl med å ta kontakt ved behov eller om situasjonar oppstår, men hugs også at oppsynstelefonen ikkje fungerer som nokon guidefunksjon.
God jakt!