Jaktinformasjon 25.august
Jaktradio (oransje Icom) mista mellom Løtjønne og Såvårhaugen i Reinheimen (sjå bilde nedanfor). Om nokon finn denne, kan det varslast til tlf 90960274.
Gode og rikte prosedyrer etter at dyret er felt:
Ta hand om slaktet etter beste evne og vis respekt for viltet med trofebilder etc. Hjorteviltsenteret har veldig gode instruksjonsvideoar for slakting: Video – Norsk Hjortesenter. Rydd slakteplassen og ta med alt nyttbart kjøt ned.
Skjær jaktkort før du reiser frå slakteplassen.
Registrer felt vilt i applikasjonen sett og skutt med så nøyaktige opplysningar som mogleg. Felt dyr skal registreres på vald og jaktfelt der du har fått utstedt kort. Valdnamn og nummer står på kontrollkortet og i infofolderen.
Kalvar SKAL vegast. Fleire av valda har vekter hengande til disposisjon.
Returner jaktkort og kjeve til den grunneigaren du har fått utstedt kortet frå. Kjeven skal vere reinska og tørka. Ikkje pakk den inn i plast!
Takk for at dette blir gjort og fylgd - det er viktig for å sikre gode data for forvaltning og for å sikre eit godt renome for jegerstanden! =)
Observasjonar gjort av oppsyn i dag:
Breheimen søraust: Flokken på ikring 300 dyr drog i dag innover på nordsida av Tundradalen.
Breheimen sørvest: Ein flokk mellom Leirvatna i Raudalen.
Reinheimen: Mellom 1000 og 1500 dyr i området Dordiholet. Bukkeflokk på sørsida av Lordalen.