Jaktinformasjon 30.august
Jamt over gode attendemeldingar frå oppsynskorpset i dag. Fin jaktutøving med kontrollerte fellingar på det jamne. Veldig positivt!
Hugs også rutinane etter felling med:
Reinsking og levering av kjeve hjå kortutsteder
Registrering med riktige opplysingar i sett og skutt (kalvar skal vegast)
Levering av jaktkort hjå kortutsteder
Levering av cwd-prøve
Oppsynsleiar har fått fleire meldingar i dag om to halte bukkar i Reinheimen. Begge desse vart felt av bukkejegerar i løpet av dagen. Begge bukkane hadde eldre skader i beinstruktur.
Observasjonar gjort av oppsyn i dag:
Reinheimen: Dyr nord for Lordalen og fleire flokkar kryssa Lordalen til Skjåk. Eit par av dei drog mot Finndalen. Bukkeflokk nord for Finndalen.
Breheimen sørvest: Flokk på Framrusthovden fyrst på dagen.
Breheimen søraust: Fleire flokkar Grjotådalen/Tverrfjellet.