Dagen før dagen

Det nærmar seg at startskotet for villreinjakta 2025 går.

Villreinutvalet og oppsynskorpset ynskjer alle ei godt jakt! 😊 Hugs at oppsynskorpset er i felten like mykje for å bistå jegerane som å observere jaktutøving og viltet. Ikkje nøl med å ta kontakt ved behov eller om situasjonar oppstår.

Vi minner nok ein gong om å:

  • Lese jegerkontrakta og infofolderen godt før jakt.

  • Ha med nødvendig dokumentasjon ut på jakt (jaktkort, våpenkort (ikkje tilstrekkeleg med bilde/kopi), legitimasjon og gyldig jegeravgift).

  • Felling av liten kalv (14 kg eller mindre); må klarerast med oppsyn før ny jakt.

  • Felling av skadde dyr er omtala i jegerkontrakta.

  • Kluftbukk; 2 taggar (kluft) i toppen av den eine gevirkrona.

  • Ta med alt nyttbart kjøt heim! Dårleg behandling av vilt er særs øydeleggande for renomeet til jegerstanden og moralsk dårleg. Slakteavfall og eventuelt forureina kjøt skal røysast ned eller dekkast til med skinn og stein. Dette er også eit nyttig tiltak for å ikkje gjeve predatorar tilgang til åtsel. Slakteplassar og kvileplassar skal ryddast for søppel. Dette skal også vere med ned att og ikkje gøymd i ei steinur.

Observasjonar/områdebruk:

  • Reinheimen - Bukkar i Finndalsområdet. Ingen direkte ferske meldingar om fostringsflokkar, men grenseland Skjåk/Lesja i vest kan vere godt utgangspunkt med tanke på vind.

  • Breheimen søraust - Kan tyde på at det er mindre flokkar fordelt på mykje av søraustområdet. Dette medfører fleire gode utgangspunkt for jaktstart.

  • Breheimen sørvest - Observasjonar rundt Glittervatnet - Raudalen.

God jakt!

Forrige
Forrige

Jaktinformasjon 20.august (Copy)

Neste
Neste

Informasjon inn mot jaktstart