Informasjon inn mot jaktstart
Villreinjakta 2025 nærmar seg med stormskritt. Villreinutvalet ser fram til ei jakt med god samhandling mellom jegerar og oppsynskorps, og at jakta blir utøvd på ein best mogleg måte av kvar enkelt jeger.
Med attendeblikk på fjorårets jakt, vil villreinutvalet oppmode og opplyse om enkelte moment der vi ser eit klart potensiale for betring:
Som jeger bør ein ha eit klart mål om å få felt riktig dyr utan å bli sett eller lukta av dyra. Det same skal gjelde for kjøttberarar og andre som er på tur inn/ut frå fjellet.
Bruk terrenget for å smyge på dyr. Gå aldri i silhuett eller rett mot ein villreinflokk. For mange går oppreist og jagar etter flokken som veldig sjeldan fungerer. I tillegg stressar du dyra unødig og øydelegg for alle andre jegerar.
Still på dyr med vind i mot deg. Ta bryet med å gå rundt flokken om nødvendig. Dette vil gjeve deg ein mykje betre jaktsituasjon!
Ligg i ro til flokken har reist frå deg.
Stadig fleire har også med seg hund på jakt. Det er heile tida triveleg med turfølgje, men ver bevisst på at du har kontroll på hunden før du vel å ta den med til reinsfjellet. Losande hundar vart til irritasjon for andre jegerar og stressa reinen unødig og øydela jaktsituasjonar.
Bom og skadeskyting: Oppsynskorpset registrert eit alt for høgt tal av bom og skadeskytingar i fjor haust. Det skal i utgangspunktet mykje til før ein kan konkludere med bom og ein del dyr reiser vidare med skotskadar som jeger ikkje har klart å fange opp. Derfor har du undersøkingsplikt, varslingsplikt og ettersøksplikt etter påskotne dyr. Alle kan naturlegvis vere uheldige og ting skjer. Men som jegerar har vi eit stort ansvar for å gjere det vi kan for å forhindre slike situasjonar.
Slike situasjonar kan skuldast fleire ulike faktorar, men vesentleg er:
For lite treningsgrunnlag og våpenhandtering. 30 prøveskot er for mange for lite treningsgrunnlag når det villreinjakt.
Dårlege skytestillingar og manglande anlegg. Hald att skotet om du kjenner på moglege feilmargin. Nye sjansar kjem! Skyt aldri på friske dyr med fri arm eller i skytestillingar du ikkje handterer. Finn anlegg i naturen og skyt aller helst liggande. 100 meter er ofte meir enn langt nok.
Stress og for dårleg tid. Ikkje la dette ta overhand. Da er det langt betre å la dyret gå. Ein jaktdag gjev som oftast fleire fellingssjansar. Ikkje løys skot på den fyrste situasjonen berre for å bli ferdig så sant den ikkje er optimal.
Slakt og kjøtbehandling: Villreinkjøtet er ein fantastisk ressurs og nytteverdien er eit vesentleg moment for at vi skal drive jakt. Jegerstanden har nok kritiske røyster rundt seg. Ta derfor godt vare på kjøtet og få det ned frå fjellet. Ufullstendig nytting av kjøtet blir det reagert kraftig på. Som jeger har du eit stort ansvar med å lære deg slakting før du reiser på jakt, men treng du bistand, så er både oppsynskorpset og dei fleste andre jegerar rundt deg viljuge til å bistå. I tillegg er det fine instruksjonsvideoar å finne på youtube.
Villreinutvalet og nemnda er ansvarlege for forvaltninga av stammen i Reinheimen-Breheimen. For å drive god forvaltning er det alfa omega at alle jegerar derfor;
Set seg godt inn i jegerkontrakta og infofolderen
Rapporterer felt vilt i den nye sett skutt-appen
Leverer jaktkort, kjeve m/merkelapp til rettshavar og cwd-prøve til riktig tid.
Lykke til med førebuingane til alle jegerar!