Jaktinfo 10.september

Veldig fin vêrdag er over i Reinheimen Breheimen med lite jakttrykk!

Observasjonar gjort av oppsynskorpset i dag:

Reinheimen: Mykje dyr fordelt på 3 flokkar rundt Sveinbue. Sansynleg at det også er dyr i Føysfjellet/Skarvedalen. I så fall 2 flokkar observert i området Grønmillom på Lesja.

Breheimen søraust: Mykje dyr i området Kollongshaugane - Styggehøe i efta. Storbukkane har no gått saman med fostringsflokkane.

Breheimen sørvest: 3 flokkar i indre delar av Raudalen i dag. Einsleg storbukk i Mårådalen og 2 bukkar kryssa Breidalen.

Storbukkar på Styggehøa i dag.

Forrige
Forrige

Jaktinfo 11.september

Neste
Neste

Jaktinformasjon 9.september