Jaktinfo 11.september

… Og så var vi alt ved siste jakthelga med jaktslutt sondag kl.19 i heile Reinheimen Breheimen.

Minner om varslingsplikt ved tilfelle med bom/skadeskyting til oppsynsleiar (tlf. 45899910). Eit par skadeskytingar observert i dag utan varsling. Det er svært sentralt med varsling slik at oppsyn kan vere med å fylgje opp ettersøk.

Zeiss handkikkert funne nord for Kvennåtjønnen i går. Truleg overvintra frå jakta i fjor. Ta kontakt med tlf. 95 27 19 59 dersom du er den uheldige og heldige!

Observasjonar gjort av oppsyn i dag:

Reinheimen: 2-3 flokkar samla seg til ein større flokk vestover frå Aursjoen. 1 flokk sett nord for Lordalen i indre delar.

Breheimen søraust: Stor flokk i området Kollongshaugane - Sotflye i dag.

Breheimen sørvest: Ingen meldingar.

Vi ynskjer alle ei god og vellykka avslutning på jakta! Hald på roa til siste sekund! =)

Forrige
Forrige

Jaktinfo 12.september

Neste
Neste

Jaktinfo 10.september