Jaktinfo 12.september

Årets siste jaktinfo. Både villreinutvalet og oppsynskorpset ynskjer med dette å takke for laget. Mange trivelege samtaler og stunder i felt og på telefon! Utover hausten arbeider utvalet med evaluering og utarbeider den årlege jaktrapporten som summerer jakta 2026 med både fellingsresultat og anna. Hugs å legg inn felte dyr i sett og skutt. Lever kort og kjeve til kortutsteder fortløpande. 😊

Observasjonar gjort av oppsynskorpset i dag:

Reinheimen: Mange fellingar her i dag og fin jaktutøving! Mykje dyr på Øyberget/Heggebotthovden, Heggebottflye og Indre delar av Lordalen/Lortjønnen fordelt på 4 flokkar. Mykje dyr observert på freda grunn på Raumasida av Rånåflye.

Breheimen søraust: Mykje dyr (truleg det aller meste av stamma) i indre delar av Tverrådalen i kveld.

Breheimen sørvest: Mindre flokk i Merradalsbotn, samt enkeltdyr. Flokk observert mot Mårådalsfjellet. Kanskje på trekk mot Mårådalsbotn.

Vi ynskjer med dette alle ei god avslutning på jakta i morgon!

Neste
Neste

Jaktinfo 11.september