Jaktinfo 24.augut
ABCDE for å unngå skadeskyting og bomskot:
A: Lær deg å kjenne våpnet. Tren tilstrekkeleg før skot på vilt! Skyt inn med riktig ammunisjon før jakt.
B: Sikre våpen, dempar og sikte før skot på vilt. Kjenn etter eventuelle lause delar og skruer.
C: Skyt med anlegg og helst liggande. Sekken og gjenstander elles i naturen er gode anlegg. Pass på å ha kontakt med handa di mellom anlegget og riflestokken.
D: Ro ned og løys aldri skot før du har gjort det. Nye sjansar kjem. Fokuser på dyr bakerst i flokk som gjev deg mest mogleg tid og fritt dyr.
E: Skyt berre på dyr som står i ro med breisida til. Mål avstand. 100 meter er grensa nok i fjellet for dei fleste.
Observasjonar gjort av oppsyn i dag:
Reinheimen: Ikkje sett dyr på Skjåkgrunn etter av ein større flokk kryssa Spongi vestover i går. Minimum 500 dyr i området Asbjørnsdalen på Lesja og rundt 300 dyr på sørsida av Lordalen.
Breheimen søraust: Ein større flokk mellom Buanose og Kollungshaugane.
Breheimen sørvest: Flokkar mellom Huguvarden og Mårådalsbenken i dag.