Jaktinfo 25.august

Ein finvêrsdag er over og ein ny står for tur i fylgje vêrprofetane. Vindretninga skal også dreie dei komande dagane.

Villreinutvalet minnar om nødvendig dokumentasjon kvar enkelt jeger må ha med seg under aktiv jakt:

  • Betalt jegeravgift

  • Godkjent skyteprøve

  • Orginalt våpenkort evt utlånserklæring til riktig våpen (kopi/bilde er ikkje tilstrekkeleg)

  • Kontrollkort med valdansvarlig og jeger sitt navn

Observasjonar gjort av oppsyn i dag:

Reinheimen: Dyr i området Asbjørnsdalen også i dag. Elles er det ikkje gjort observasjonar, men dyra på Skjåkgrunn står truleg framleis langt vest.

Breheimen søraust: Større flokk i området Buanose - Kollongen.

Breheimen sørvest: Flokkar på nordsida av Raudalen.

Lykke til med ein ny jaktdag, og nyt finvêret!

Hugs å dekk til slakt så fort som råd. Spyfluga treng ikkje mange sekunda for å øydelegge eit slakt.

Forrige
Forrige

Jaktinformasjon 26.august

Neste
Neste

Jaktinfo 24.augut