Jaktinformasjon 10.september
Vindfull dag i høgfjellet med 20 sekundmeter i kasta. Siste dag med fellesjakt i morgon (11.september).
Observasjonar frå dagens jakt:
Reinheimen: Ein flokk på nordsida av Lordalen i Lesja. Fleire flokkar frå Mjølahaugan i vest, til Gråhøflye i aust på Skjåk- og Finndalsgrunn.
Breheimen søraust: Større flokk på Buanose. Minimum 60 bukkar drog innover på Gjelåflaten i dag.
Breheimen sørvest: 2 flokkar i Raudalen.
Skjåk nordvest: Større flokk på Breidalseggje/Viahøe.
Vaksen bukk felt på Skjåk nordvest.