9.september
HOLD HODET KALDT! Skyt med anlegg, på dyr i ro og maks 100 meter. Vent til neste situasjon ved usikre moment.
Ved fleire høve har villreinutvalet måtta minna om dette i haust. Einkvar kan sjølvsagt vere uheldig av ulike grunnar, noko det også er takhøgde for. Men på ein enkelt jaktdag, som i dag, er det for mykje med tosifra antal skadeskyting/bom.
Observasjonar gjort av oppsynskorpset i dag:
Reinheimen: Flokk nord for Lordalen i området Gjelutbotn. Fleire flokkar på Skjåkgrunn frå Kroketetjønne i vest til lokkarbakkan i aust.
Breheimen søraust: ingen observasjonar.
Breheimen sørvest: ingen observasjonar.
Skjåk nordvest: Hamsedalen.