Jaktinformasjon 21.august
Regntung dag i det meste av heile Reinheimen Breheimen med lite oversikt. Positive attendemeldingar frå oppsynskorpset etter fyrste jaktdagen med tanke på jaktutøving. Tommel opp!
Meir bekymringsverdig er det med tilstanden for ein del kalvar i Reinheimen. Som forventa, og frykta, er det ein del tilfelle av fotråte denne hausten. Tørre somrar som vi har hatt i år, fører nok gjerne til at reinen blir stampande mykje i myr og blaut terreng med stor smitteeffekt.
Mattilsynet har fylgjande vurdering av vilt med fotråte: Mattilsynet vurderer at det er uproblematisk å la allment friske villrein med ett affisert bein med fotråte gå til konsum. Det vil likevel alltid være en vurdering av allmenntilstanden og eventuelle forandringer på indre organer. Dersom dyret har forandringer på indre organer eller flere bein er affiserte, vil det være et tegn på at dyret ikke burde gå til konsum.
Kontakt oppsynstelefonen ved tilfelle med fotråte; 45 89 99 10.
Langt betre vêrmelding for resten av helga! Som nemnt har det vore ein vanskeleg dag for å få oversikt. Men for Breheimen søraust er det området mellom Tundradalen og Bråtådalen/Sota som er gode utgangspunkt. For Breheimen sørvest er det mindre flokkar fordelt på ulike kantar i området. Ingen observasjonar på nordvest. I Reinheimen er det i dag observert mykje dyr mellom Asbjørnsdalen og Lordalen. Berre enkeltdyr og mindre grupper observert på Skjåksida austover frå Føysa i dag.