Jaktinformasjon 22.august
Tredje jaktdag 2026 er nå historie.
Villreinutvalet minner om føringa som gjeld i heile Reinheimen Breheimen:
Kontrollkortet er personleg, og jeger kan ikkje sjølv overdra kort til andre, dvs. at det er kun jeger/jegerar som står oppført på kortet som kan jakte. Dette gjeld også tilfelle med lagjakt. Kontrollkortet skal alltid bringast med fysisk under jakt oppført med den jegeren som kortet er skrive ut på frå rettshavar. Dersom dette ikkje er i orden, vil dette bli meldt av oppsynet som ulovleg jakt. Berre rettshavar kan skrive over kort og berre utvalet kan skrive ut duplikatkort/kopiar.
Observasjonar frå oppsynskorpset i dag:
Reinheimen: Mykje dyr mellom Asbjørnsdalen og Lordalen. Enkeltdyr og mindre grupper vestover frå Såvårhaugen i Skjåk.
Breheimen søraust: Framleis mykje dyr mellom Tundradalen og Bråtådalen.
Breheimen sørvest: Ein flokk i området Mårådalen - Huguvarden.
Minner om at det berre er observasjonar gjort av oppsyn og ikkje jegermeldingar som blir publiser på denne sida.