Jaktinformasjon 23.august

Kikkert (Breitler) mista i området Styggehøe i Breheimen i dag. Ta kontakt på oppsynstelefonen om nokon skulle finne denne. :)

Kikkert (eldre Steiner) som hang på skilt til Kollongen vart levert på kontoret til Skjåk Almenning.

Observasjonar gjort av oppsynskorpset i dag:

Reinheimen: Nokre få enkeltdyr på Skjåksida rundt Sveinbue samt ein mindre bukkeflokk. Ein større bukkeflokk på sørsida av Lordalen/Kjølen. Elles mykje dyr austover frå Asbjørnsdalen på Lesja.

Breheimen sørvest: ein mindre flokk i traktene Vassvenda/Langvasseggje.

Breheimen søraust: Ikring 250 dyr mellom Kollongen og Buanose i dag.

Forrige
Forrige

Jaktinformasjon 24.august

Neste
Neste

Jaktinformasjon 22.august