Jaktinformasjon 27.august
Observasjonar gjort av oppsyn i dag:
Reinheimen: Mange lykkast med felling i Reinheimen i dag. Oppsyn observerte jamt over fin jaktutøving, som er svært positivt! Enkelte kan minne seg sjølv på at reinen har gode sanser. Gå aldri oppreist mot dyra eller med vind i ryggen. Med slike manøverar øydelegg du både for deg sjølv og andre, samt gjer dyra unødig stressa. Ein flokk observert i indre delar av Grøndalen på Lesja. 2 større flokkar vestover frå Aursjoen i Skjåk. Ein flokk på nordsida av Finndalen. Hovudsakleg bukk.
Breheimen søraust: Ingen observasjon her i dag. Men indre delar av Tundradalen kan vere meget sansynleg.
Breheimen sørvest: 2 flokkar på Langvasseggje.