Jaktinformasjon 28.august
Ny jaktdag i Reinheimen Breheimen skriv seg inn i loggen. Høgt jakttrykk med fleire flokkar lett tilgjengeleg rundt Aursjoen. Det er naturlegvis ekstra viktig for alle å gjere gode og riktige val når jegerkonsentrasjonen blir stor!
Supplert med villreinutvalet sin eigen infofolder, har villreinsenteret ei god nettside til deg som villreinjeger.
Observasjonar gjort av oppsynskorpset i dag
Reinheimen: Fleire flokkar i Aursjoområdet i dag. 2 flokkar drog austover. Ein bukkeflokk nord for Finndalen.
Breheimen søraust: stor flokk i indre delar av Tundradalen/Grøntjønne.
Breheimen sørvest: Flokkane på Langvasseggje slo seg saman og kryssa dalen vidare mot Åfottjønnen.
Vi ynskjer alle ei god andre jakthelg!