Jaktinformasjon 30.august
Sluttstykke mista mellom setrene på Skjellom og Skjellflye (ned råket ved Søre Kvitinge). Kontakt oppsynstelefon ved eventuelt funn.
Fleire observerte og avliva dyr med tidlegare skotskader i Reinheimen i dag. Fleire av dei er ikkje varsla frå om. Som jeger er du pliktig til å varsle frå om påskotne dyr. Du gjer berre ei velgjerning med å varsle slik at fleire kan fylgje opp tilfellet.
Føringar for felling av skadde dyr er omtala i jegerkontrakt:
Observasjonar gjort av oppsyn i dag:
Reinheimen: Stor flokk på sørsida av Lordalen. 2 flokkar i grenseland rundt Skartind. Ein flokk i området Tverrfjellet på Lesja.
Breheimen søraust: 2 flokkar (fostringsdyr) på Skjellflye i dag.
Breheimen sørvest: Ingen observasjonar gjort av oppsyn i dag.