Jaktinformasjon 29.august

GPS mista i Skarvedalen. Ta kontakt med oppsynstelefonen ved funn!

Oppsynskorpset minner nok ein gong om å ikkje gå oppreist mot rein. Dette er svært frustrerande for andre jegerar som ligg i posisjon og det stressar dyra veldig. Ligg i ro til etter flokken har passert, og kjem du ikkje på skothald utan å vise deg, så ventar du.

Observasjonar gjort av oppsyn i dag:

Reinheimen: 2 flokkar drog austover frå Aursjoen og heldt seg i området på grensa mellom Lom og Skjåk i efta. Ein større flokk nord for Aursjoen. I tillegg er det observert minimum 2 flokkar i området Tverrfjellet nord for Lordalen og ein bukkeflokk nord for Finndalen.

Breheimen søraust: 2 flokkar i indre delar av Tundradalen.

Breheimen sørvest: Nokre enkeltdyr frå Heilstuguvatnet til Blankåhaugan. Flokk i området Raubergsløyfte.

Forrige
Forrige

Jaktinformasjon 30.august

Neste
Neste

Jaktinformasjon 28.august