Jaktinformasjon 3.september

Siste dag med fellesjakt i Reinheimen var i dag. Ny periode neste veke.

Observasjonar gjort av oppsyn i dag:

Reinheimen: Ein flokk på kveldssida på sørsida av Lordalen mellom Fellingkroken og Såvårhaugen. Ein mindre flokk på nordsida. 2 flokkar mellom Krokåtetjønne og Føysa i dag. Den ein drog i kveld mot indre Delar av Lordalen.

Breheimen søraust: Stor flokk på Gjelåflaten. Nokre bukkar på storberka. Sjølv om det ikkje er fredningssone i Lundadalen, så oppmodar vi sterkt om at bukkar som er på tur til å krysse, får sjans til å gjere det. Leirplass ved Kvilingskulane og omegn er fråråda da det berre skremar dyra mot kommunegrensa att.

Breheimen sørvest: Ingen observasjonar gjort av oppsyn i dag.

Forrige
Forrige

Jaktinformasjon 4.september

Neste
Neste

Jaktinformasjon 2.september