Jaktinformasjon 4.september
Observasjonar gjort av oppsyn i dag:
Reinheimen: Stamma er spreidd og fordelt på fleire flokkar som gjev gode utgangspunkt for å også spre jegertrykket. Ein liten flokk i indre Lordalen i dag, samt ein større flokk heile dagen ved Søre Svarthaugen. 2 flokkar var fyrst på dagen i sørkant av Såvårhaugen før dei drog vestover til Heggebottflye.
Breheimen søraust: Stor flokk mellom Skjellom og Tverrfjellet i dag. 2 bukkar på Gjelåflaten og minimum 60 bukkar ved Hesthøa - Storberka på Skjåksida.
Breheimen sørvest: Ingen observasjonar gjort av oppsyn her i dag.