Jaktinformasjon 7.september

Observasjonar gjort av oppsynskorpset i dag:

Reinheimen: Flokkar i området Brettingskollen nord for Finndalen, ein bukkeflokk ved Nørdre Svarthaugen og blandingsflokkar nord for Lordalen.

Breheimen søraust: Større flokk i området Skåpet/Råkåkampen. Fleire bukkejegerar ventar at bukkeflokkane skal krysse Lundadalen. Dette må dei få tid og moglegheit til. Jaging eller barrierer på kommunegrensa fører berre til at dei blir ståande 4 nye dagar på utilgjengeleg område. Jakt derfor strategisk på sørsida av Lundadalen slik at dei ikkje dreg over att like fort som dei kom.

Breheimen sørvest: Flokkar på begge sidar av Raudalen.

Forrige
Forrige

Jaktinformasjon 8.september

Neste
Neste

Jaktinformasjon 6.september