Jaktinformasjon 8.september

Vi er no inne i den siste veka av årets villreinjakt (slutt sondag 14.september). Frå i morgon, tysdag 9.september til torsdag 11.september, er det ny periode med fellesjakt i Reinheimen (definisjon på dette står i jegerkontrakt).

Observasjonar gjort av oppsyn i dag:

Reinheimen: Flokk i området aust for Kringla i Lordalen, og framleis flokkar nord for Finndalen.

Breheimen søraust: Flokk på Steinflye/Gjelåflaten.

Breheimen sørvest: Ingen observasjonar. Overgangsjakt til Skjåk nordvest i 3 dagar (til torsdag 11.september) frå i morgon. Gjeld Skjåk Almenning kort stempla Breheimen sørvest.

Vi ynskjer alle ei fin siste jaktveke! Utøv god jaktmoral og hald hovudet kaldt. Jakt aktivt, men roleg. Bruk terrenget godt, gå berre i motvind mot reinen og aldri i silhuett. La jegerar som er før deg få si sjanse og plasser deg heller umerka i ein god neste posisjon. Fylgjer du dette, så blir det langt fleire skotsjansar og betre jakt både for deg sjølv, andre og reinen.

Neste
Neste

Jaktinformasjon 7.september