Jegerinformasjon 5.september

Honnør frå oppsynskorpset rundt jaktutøvinga på Heggebottflya mot slutten av dagen i går, 4.september. Til trass for stor jegerkonsentrasjon, vart det observert ro og respekt for kvarandre. Heilt supert! Hugs fokus på å halde seg skjult og aldri i silhuett. Bruk terrenget for smyging - og kjem du ikkje nære nok - så ventar du skjult til dyra har reist.

Ein del meldingar om halte/skadde dyr i Reinheimen i dag. Det er sjølvsagt fint at det er fokus på dyrevelferd. Samtidig vil det vere ulike forhold som er årsak, og det er ikkje nødvendigvis felling som er den einaste rette utvegen så framt du ikkje har kort på dyret. For skadde dyr er det punkt 8 i jegerkontrakta som gjeld. Merk særleg punkt 2; at du som jeger har plikt til å dokumentere skaden.

Observasjonar gjort av oppsyn i dag:

Reinheimen: 2 flokkar nord for Lordalen. 3 flokkar mellom Føysa og Såvårhaugen.

Breheimen søraust: Flokk mellom Tverrfjellet og Skjellom.

Breheimen sørvest: Fleire mindre flokkar i Raudalen.

Forrige
Forrige

Jaktinformasjon 6.september

Neste
Neste

Jaktinformasjon 4.september